Om oss

Vi som driv Alverhonning heiter Frode og Julie, og vi bur på Flatøy i det som snart vert Alver kommune. Dei første bikubane fekk vi i 2016 og vi har auka med nokre kubar kvart år. Då vi manglar ein gard, var det einaste husdyret ein kan ha i nokolunde stor skala bier, så dermed starta det sånn. Birøkting er veldig fascinerande og komplisert. Ein må heile tida følga med på vêret og blominga, temperaturen og fuktigheten. Plutseleg har ein omsut for utallige små insekt - egg, larvar, yngel, arbeidarbier, droner og dronninger. Spørsmåla gjennom sesongen er endelause, for vi vil gjerne at biene skal ha det best mogleg... Har dei nok nektar å trekke inn? Korleis går det med ynglinga, er det kanskje for varmt eller for dårleg plass å leggje egg?


Vår honning er hausta i Nordhordland på ulike stader. Når vi får fleire bikubar skal vi vurdere å flytte til Hardanger på pollinering av frukt og til Voss for bringebær. Sesongen 2019 har vi eit samarbeid med Toppe gartneri, for å hjelpe dei med å pollinere bringebæra sine. Det er kjekt å ha kubane utanfor gartneriet, så mange kan sjå dei og undre seg over bienes verden. Lynghonningen håpar vi å få tak i “norom fjedle” på Holsnøy. I skrivande stund er dei første røsslyngblomstrane i ferd med å opne seg, så vi er spente! 


Drifta vår er tilnærma økologisk, som all birøkt i Noreg. Biene lever eit fritt liv og har reint og fint utstyr å byggje og bu på. Dersom det er dårleg vêr eller ingen blomar gir nektar, må vi gi dei mat i form av sukker så dei overlever til neste gode blomstringsperiode. Vi gir dei enkel tilgang på reint vatn, så dei slepp å fly så langt for å finne det. Ei bie døyr når vingene er utsletne, så det er om å gjere å hjelpe dei til å få mest mogleg honning ut av kvar flytur. Kvart år lagar vi avleggarar, nye bifolk, som vi anten sel eller brukar sjølve. Ein bikube har det best om dronninga er god til å legge egg og har eit godt lynne, så vi driv med dronningavl for eige bruk og for sal.


Når hausten kjem, slyngar vi ut honningen av rammene. Det er mange fjollete moteord som “kaldslynga”, “upasteurisert” og “jomfruhonning” som er å finne i ulike reklamar for honning. Fakta er at honning må ha litt temperatur for å sleppe seg ut i slynginga, så vi varmar sjølve rommet opp til omlag 30 grader. Honningen vert slynga, så tappa på spann, så modna og fylt på glas. Noko tek vi rett på glas, og det er kanskje det som vert kalla jomfruhonning? Vi kallar det enkelt og greit flytande honning. Den er god på is, frukostblanding og lett å ha i te og kaffi. Det er viktig for oss å kalle ein spade for ein spade, og at dei som kjøper av oss skal vite at vi har gjort vårt aller beste for både biehelsa og honningkvaliteten!